Den nye vinen

«Med låkare niste du legg kje i veg enn ovdrykk med øl», står det i Håvamål. Men vin seier dei inkje om. 

Nynorsk raudvin – finst det? Kan det vere noko godt? Og kva gjer nynorsk raudvin til nett dét? Det var noko av det eg lurte på då eg kom til lanseringa av Nynorsk raudvin saman med herlege Helle (som har vore snill nok til å låne meg alle bileta her)

Vin. Mykje av han. Og meir vart det.

Og mottakinga var særs god, både av oss som var der og av vinen. For å byrje med det fyrste – det er ikkje kvar dag ein finn ei skotsk dame som spelar hardingfele når ein kjem inn døra. Det er heller ikkje kvar dag ein får servert Arne Hjeltnes på sølvfat (han las eigenskrive dikt) eller Haugtussa-song til dessert.

Og det er jo heller ikkje kvar dag ein får servert fire rettar med rikeleg med vin til. Vinen er ein Côtes du Rhône, og maten var torsk (sjølvsagt), lam, okse og elg. Og sjølv om vinen nok ikkje er perfekt til alle typar rettar, er han likevel meir enn god nok til å vere ein flott allbruksvin. Økologisk er han òg. Så langt, så vel.

Mannen bak vinen. Bokstaveleg tala.

Men kor kjem det frå, dette pratet om «Nynorsk Raudvin»? Det er Geir Eikeland som står bak, og for han er det viktigaste å gjere nordmenn stolte av eigen matkultur.  Det gjer ein ikkje minst ved å syne fram det gode me har her til lands, enten det er fisk i havet, vilt i skogen eller tammare dyr i fjøset. Han vil byggje opp under dei produsentane som gjev oss gode råvarer – og det vankar òg ein pris på 50 000 til framifrå produsentar eller foredlarar til neste år.

Eikeland snakka om å gjere nynorsken til noko kommersielt og salgbart, og det er ingen dum tanke. For at noko skal få eit breitt nedslagsfelt, må folk oppfatte det som relevant. Og vin – som attpåtil særs godt kan kombinerast med norsk tradisjonsmat – er relevant. Og ikkje dyr heller – han er å få fatt i på eit vinmonopol nær deg (bestillingsutval) og kostar 130.

Eg vart veldig positivt overraska over den Nynorske Raudvinen, og eg gler meg til Kvitvinen kjem! Og får me ein Nynorsk Champagne òg, kan hende?

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s